Endringar på alle datamaskiner i skulen

Før utgangen av 2024 tok vi i bruk eit nytt program for administrasjon av alle bærbare datamaskiner for elevar og lærarar.  

Programmet vi nyttar heiter Microsoft Intune og er eit skybasert program som gjer at vi kan administrere, vurdere og beskytte appar og maskiner primært over nettet.  Alle skulemaskiner i heile 6K får samme sikkerhetsregelverk og samme versjonar av programpakkar.  Vi kan installere program til elevane og lærarane utan å være fysisk nær maskinene. Programma følgjer brukarane kvar gong dei loggar inn på ein maskin

Det tyder også at maskinene får oppdateringar og applikasjonar utan at maskinene må innom hjå IKT. Vi varslar lærar dersom vi avdekker feil og manglar som gjer at vi må sjå på maskiner fysisk. 

Merk at det kan skje at maskinen jobbar litt i bakgrunnen når du startar opp maskinen første gang, og dersom større oppdateringar eller innlastingar køyrer. Då er det berre å gje maskina tid til å gjere jobben ferdig før du slår av.