Skulefritidsordninga 2017/18

SFO er eit frivillig omsorgs-og fritidstilbod utanom den obligatoriske skuledagen for barn i 1. - 4. klasse. Innhaldet skal byggje på barna sine behov for leik, kulturaktivitetar, læringsaktiviteter og sosial utvikling. Tilbodet kan gjevast til 5.kl. ved ledig kapasitet. Det er tilbod ved Lesja skule og Lesjaskog skule.

 

Søknadsskjema finn du her.

Til heimar som søkjer

SFO – tilbod skuleåret 2017 / 2018

 

Informasjon om SFO, Lesjaskog skule

 

Komande skuleår, blir SFO-tilbodet for elevar i 1.-4. klasse ved Lesjaskog skule slik:

Måndag          kl.13.50-16.15                        SFO-tilbod etter skuletid

Tysdag           kl.13.50-16.15                        SFO-tilbod etter skuletid

Onsdag           kl.08.00-16.15                        Heildagstilbod

                        eller

                        kl.13.50-16.15                        SFO-tilbod etter skuletid

Torsdag           kl.13.50-16.15                        SFO-tilbod etter skuletid

Fredag            kl.13.50-16.15                        SFO-tilbod etter skuletid

 

Prisar:            Etter skuletid:  Pr.dag  kr   63,-    Pr. mnd. kr 252,-

                       Heil onsdag :   Pr.dag  kr 221,-    Pr. mnd. kr 884,-

FRIST for å søkje er 01.03.2017.

 

Vi gjer merksam på at det må melde seg minst 4 elevar kvar gong, dersom tilbodet skal setjast i verk.

Lesjaskog skule, 30.01.2017

 

Nina Anseth Furuheim

Rektor Lesjaskog skule

 

 

 

Informasjon om SFO, Lesja skule

 

Til foreldre til elevar på 1. – 4. trinn 2017/2018

 

 

SØKNAD OM PLASS I SFO

SFO er eit tilbod for elevane i på 1. – 4. trinn frå klokka 07.45 – 16.15 når dei ikkje har undervisning, dvs. før og etter skuletid eller på skulefrie dagar. Det kan søkjast om utvida opningstid frå kl.07.15.

Neste skuleår vil 1.og 2. trinn ha fridag på onsdag, og 3. trinn vil ha fridag på torsdag. 4. trinn vil ha 5 skuledagar.

 

Korvidt det blir eit SFO-tilbod i skuletida på fridagane, er avhengig av kor mange som søkjer.

I vedtektene for SFO heiter det ” Det skal minimum vere fire barn som søkjer eit tilbod for at det skal opprettast.”

I dei seinare åra har søkninga før og etter skuletid vore så stor at det aldri har vore tvil om at det da blir eit tilbod.

 

Bruk digitalt søknadsskjema som ligg på heimesida til kommunen, www.lesja.kommune.no , og finn skjemaet under fana «digitale skjema».

 

 

Søknadsfristen på SFO-tilbodet er 1.mars 2017.

 

 

Lesja skule, 01.februar – 2017 

Jan Olav Thorsplass

rektor

 

Publisert av Sonja G. Mathisen. Ansvarleg Anne Slettum. Sist endra 01.03.2017

Jan Olav Thorsplass

Rektor Lesja skule
 
61 24 41 61
 
970 31 311
 
Send epost

Nina Anseth Furuheim

Rektor Lesjaskog skule
 
61 24 42 60
 
475 07 650
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering