Lesja skule

Lesja skule ligg sentralt nedanfor kommunehuset i Lesja sentrum. Skulen er fint plassert med nær tilgang til natur og gode turmoglegheiter. Vi er organisert med to skulebygg: hovudbygget (5.-10.trinn) og Blåsenborg (1.-4.trinn).

Skulen er så heldig å ha eit eige folkebiblioteket, noko som blir aktivt brukt av alle klassene i skulekvardagen. Skulen er og samanbygd med Lesja idrettshall, som er ein fleirbrukshall som ein og kan leige til trening og andre arrangement. 

Satsingsområde

På Lesja skule har vi eit stort fokus på at alle elevane skal følgjast opp både sosialt og fagleg i klasserommet. Det er viktig for oss at elevane kjenner på inkludering og tilhøyrigheit til skulen og klassa si, og at dei kan få tilpassa undervisning i klasserommet eller små grupper uavhengig av sitt faglege nivå.

Skulen har ei stadig aukande satsing på digital kompetanse, og nyttar OneDrive på småtrinnet og Teams på mellomtrinnet. Vi nyttar og andre applikasjonar i Microsoft sin portefølgje i det daglege læringsarbeidet. I basisfag har vi framleis bøker, men vi har og digitale læreverk. Barnetrinnet nyttar Skolestudio, mens ungdomstrinnet har både Skolestudio og Aschehoug Univers.

Vår visjon for elevane

Lesja skule har som mål å gje best mogleg tilpassa opplæring for kvar enkelt elev i fellesskap med andre. Ein vil leggje vekt på fagleg, sosial og personleg utvikling - der alle kan nå sine mål. På skolen vår ynskjer vi at elevane skal føle nærheit til lærarane sine og dei tilsette legg vekt på at alle elevar skal kjenne seg heime og vere trygge.

Våre hovudverdiar er fellesskap, tryggleik, meistring og trivsel.

Kontakt

Kenneth Nystuen Dalum
Rektor Lesja skule
Mobil 948 60 347
Gro Elisabeth Bjøralt
Lærar
Lesja skule Sentralbord
Mobil 468 39 124
SFO Lesja skule
Telefon 903 64 546
Mobil 903 64 546