Turmål i Lesja sommaren 2016

Turmål 16.jpg - Klikk for stort bilete

12 turmål er valt ut i sommar. Turkasser med turbøker skal vere på plass frå 1. juni.

 

 

Her kan du laste ned turmål og turbeskrivelse (PDF, 285 kB)

Dei fleste turmåla tek utgangspunkt i turguiden «På tur i Lesja». Vi håpar at dei fleste framleis har den boka, men turane vi har vald ut denne gongen skal uansett vere merka/skilta.

Alle grendeutvala har samarbeid om turmåla i år. Dei har og ansvar for utplassering av turkasser.

Det er to turmål i kvar grend, og der er det plassert ut «fysak-kasse» med bok. Det er viktig at du skriv opp namnet ditt i boka, slik at vi får registrert at du har gått den aktuelle turen. For å vere med i trekning av premie må du ha gått minimum 6 turar. Vi trekker ut 3 premier på 500 kr kvar. Alle kassene skal vere på plass 1.juni, dersom det er farbart. Dei næraste turane får nok opp kassene tidlegare. Turkassene blir tatt ned igjen rett etter haustferien som er veke 40. Dersom det er noko du lurer på ta kontakt med Kari Hole tlf 90046396.

Publisert av Martin Vorkinn. Sist endra 18.05.2016
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering