Skulestart: Nye reglar mot mobbing og meir svømming

skolegård  (Colourbox_com) - Klikk for stort bilete

Fleire endringar skal gjelde frå skuleåret kjem i gang. Nye reglar gjeld for å handtere mobbing, og skulen kan få dagbøter om den ikkje følgjer opp.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier at det er viktig at skulen tek tak i ting med ein gong dei oppstår.

Skulane har fått det som vært kalla ein aktivitetsplikt, som erstattar enkeltvedtak i mobbesaker.

Plikta inneber at alle som jobbar på skulen, skal følgje med, varsle og gripe inn overfor mobbing. Skulen har plikt til å følgje opp saken straks. Elevar og foreldre kan klage direkte til Fylkesmannen om dei meiner at skulen ikkje gjer nok.

På denne måten sier regjeringen klart ifra om at mobbing ikke skal skje. Det skal nytte å si fra og regelverket skal virke for elevene, seir Isaksen til Kommunal Rapport.

Skulen må også dokumentere kva dei gjer, slik at saken eventuelt kan overprøvast. Om skulen ikkje gjer jobben sin, kan den i ytterste konsekvens ileggjast dagbøter.

Det nye regelverket mot mobbing gjeld også på skulefritidsordninga og leksehjelpa.

Endringa er tidlegare kritisert av Foreningen Mobbing i Skolen, som frykter at elevane sine rettigheiter vært svekka ved at ein juridisk knagg inn i forvaltningslova forsvinn.

 

Ferdigheitsprøve i svømming

Det blir også meir svømming i skulen for dei yngste. Frå skuleåret 2017–2018 blir det obligatorisk med ferdigheitsprøve for elevar på 1. til 4. trinn. Dette var tidlegare frivillig, men no skal alle skular gjennomføre det.

– Svømming er ikke noe du lærer i løpet av noen få timer, og siden prøven består av testøvelser, får skolene en pekepinn underveis om hvilke elever som trenger ekstra støtte, sier Isaksen.

Fjerdeklassingar skal mellom anna kunne svømme 100 meter på magen og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene. Ferdigheitsprøva har i alt sju forskjellige testøvelsar frå 1. til 4. trinn.

 

Programmering som valfag

Nytt av året er også at alle ungdomsskular kan tilby programmering som valfag. Faget har tidlegare vore eit prøveprosjekt på utvalde skular.

Det har vært stor interesse for programmering som valgfag, og vi åpner nå for at alle skoler som ønsker det, kan tilby faget til sine elever. Det vil fortsatt være opp til den enkelte skole hvilke valgfag som tilbys, sier kunnskapsministeren.

Til våren skal alle ungdomsskular tilby elevar nettbaserte hjelpemiddel på eksamen i 10. klasse. Ein vil på denne måten sikre elevane mest mogleg lik praksis når det gjeld kva hjelpemiddel dei får bruke på eksamen. Kunnskapsministeren meiner det vil gi elevane ei oppleving av at eksamen er meir rettferdig.

Ei anna endring som set inn, er at skuletilbod til flyktningar skal styrkast. Born som kjem til Noreg, skal få grunnskuleopplæring så raskt som mogleg og seinast innan ein månad, opplyser Kunnskapsdepartementet.

 

Kart over trafikkfarleg skuleveg

Over 60.000 seksåringar startar på skulen i haust. Mange foreldre er redd for å sende born ut langs vegar og gater med stor hastigheit, tungtransport og mangel på fortau/gang- og sykkelstigar.

Appen Slow Down GPS vart lansert for to år sidan. Hittil er meir enn 27.000 markeringar av trafikkfarlege punkt lagt inn i  kartet , opplyser forsikringsselskapet If, som står bak appen.

Vi ser at det over tid er meldt inn mange punkter på de samme strekningene. Når det er så mange markeringer samlet på ett sted, bør det være et virkelig varskusignal til de som skal sørge for at skoleveiene er trygge akkurat der, sier informasjonsdirektør Jon Berge i If.

– Mange av disse strekningene er godt kjent hos lokale myndigheter, men vi antar at det også er pekt på noen nye. Nå håper vi politikere og andre ansvarlige kan bruke disse markeringene i sitt trafikksikkerhetsarbeid, sier han.

(©NTB)

Publisert av Vigdis Nedregård. Sist endra 21.08.2017
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering