Ny side mot mobbing

nullmobbing_small_gul.png - Klikk for stort bilete

Nullmobbing.no er ei ny nettside om mobbing for barn, unge og foreldre.

Det er Utdanningsdirektoratet som står bak nettsida.

 
nullmobbing_du har rett til å ha det bra.jpg - Klikk for stort bilete

Nettsida er eit av mange verkemiddel som er viktige i kampen mot mobbing i barnehage og skule. Eit anna er den kompetansen dei tilsette har til å førebyggje, stoppe og følgje opp mobbing.

Her finn du informasjon om kva for rettar barnet ditt har, kva skulen/barnehagen skal gjere og korleis du kan ta kontakt med skulen eller barnehagen for å betra situasjonen. 

Gode råd til forelde om kva ein kan gjere når ditt born vert mobba, og kva du kan gjere dersom ditt born mobbar andre finn du også. Kva kan medelevane og skulen gjere for å stoppe mobbinga, og korleis kan heimen ta kontakt med skulen.

Her er også informasjon om mobbing på nett, og det foreldre bør vite om det. Sidene er utforma i eit språk som også barn og unge kan forstå.

Ta ein titt på sidene, kanskje kan du gjere ein forskjell!

Publisert av Vigdis Nedregård. Sist endra 19.08.2016
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering