dinutvei.no – ein vegvisar ved vold og overgrep

dinutvei_no_original_gronnramme_rgb.jpg - Klikk for stort bilete

Ein ny nasjonal nettportal om vold i nære relasjonar og voldtekt – dinutvei.no – vart lansert 15. februar 2016. 

Vold i nære relasjonar, overgrep og voldtekt kan ramme menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva  hjelp dei kan få eller kvar hjelpa finns. Mange ønsker og meir kunnskap om vold og overgrep.

dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du og informasjon, fagstoff og ei spørsmål og svar-eneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt.

Nettportalen gir oversikt og informasjon til utsatte for vold, overgrep og voldtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vold og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringa sin innsats for å forebygge vold i nære relasjonar.

dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentre om vold og traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Publisert av Vigdis Nedregård. Sist endra 11.04.2016
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering