Helsestasjon

Velkomen som brukar av Lesja helsestasjon!

Helestasjonen ligg under helse og rehabiliteringsavdelinga. Leiar for avdelinga er Marita Aaheim.

Fagansvarleg helsesyster: Kjersti Åvangen Flittie.

Helsestasjonen er ei lovpålagt teneste og er lokalisert i kommunehuset i Lesja sentrum. Helsestasjonen  er ei gratis teneste til  barn og unge 0-20 år og deira foreldre og skal vere eit lågterskeltilbud. Tenesten blir utført etter anbefalt helsetasjonsprogram i rettleiar til  forskrift om «Kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten».

Helsestasjonen samarbeider med ulike instansar.

På kommunalt nivå samarbeider helsestasjonen med jordmor, lege, fysioterapeut, barnevern, barnehage, skule og PPT. På fylkesnivå samarbeider helsestasjonen med tannhelsetenesten og skulehelsetenesten i vidaregåande skule. Innan spesialisthelsetenesten samarbeider vi med føde/barsel, barneavdelingen på Lillehammer, BUP (barne-og ungdomspsykiatri) og habiliteringstenesten.

Kva kan vi hjelpe med?

  • Heimebesøk innan to veker  til nyfødde.
  • Samtaler med mødre etter fødsel/EPDS
  • Spedbarns-og barneundersøkingar 0-6 år
  • Vaksinasjon etter anbefalt vaksinasjonsprogram
  • Barselgrupper som fortset som sjølvstyrte nettverksgrupper (Ikkje ein lovpålagt teneste)
  • Utvida oppfølging av premature barn
  • Skulehelseteneste. Barn, unge, foreldre og lærarar  kan ta kontakt med helsesyster.
  • Syn og hørselstest.
  • Foreldrerettleiing/PMTO
  • Prevensjonsrettleiing
  • Reisevaksinering. 
  • Smittevern.
  • Barseltrim ved fysioterapeut inkl fyrstehjelpskurs med lege.
  • Vi leier ut bilstolar og brystpumpe.

Vi mottek fødselsmelding fra sjukehuset der barnet er fødd. Denne blir sendt frå sjukehuset ved utreise. Så snart vi har motteke  fødselsmeldinga tek vi kontakt for å tilby heimebesøk. Du kan gjerne ta kontakt sjølv også når du er heime igjen fra sjukehuset.

 

 

Når og kvar kan du treffe oss?

Helsesyster er å treffe på helsestasjonen kvar dag. 

Helsesyster har trefftid i skulane.

Lesjaskog skule:  Tysdag  kl 09-11.30 (Rådgjvarkontoret)

Lesja skule: Blåsenborg: tysdagar frå kl 10.15-11.15

Storskulen: Tysdag kl 11.20-12.20

Fredag kl 08.30-10.00

 

Helsestasjon for ungdom

Tid:  Tysdag frå kl 14-16.15.

Stad: Helsestasjonen, Lesja kommunehus.

Lege er tilstade fyrste tysdag  i mnd fra kl 14.30- 15.30

 

Kontaktpersonar :

Jordmor/helsesyster Henny Skarphol tlf. 61 24 42 08/95 88 21 50.

Helsesyster  Ann-Kristin Vorkinn tlf. 61 24 42 01/ 95 18 38 77.

Helsesyster Kjersti Åvangen Flittie tlf. 61 24 42 09/97 01 83 86.

 

Evt. Kontakt ekspedisjonen på Lesja kommunehus, tlf. 61 24 41 00.

 

Moglegheit  til å klage

Om du meinar at du ikkje får naudsynt  hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta  kan du sende ei klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva endringar du ynskjer.

 

Gjeldande lov-og regelverk

 

Kommunen plikter å tilby helsestasjons- og skulehelseteneste til barn og unge frå 0-20 år.

Publisert av Monica Øvstedal. Sist endra 01.11.2016

Henny Skarphol

Jordmor
 
61 24 42 08
 
958 82 150
 
Send epost

Kjersti Aavangen Flittie

Helsesøster
 
61 24 42 09
 
970 18 386
 
Send epost

Ann Kristin Vorkinn

Helsesøster
 
61 24 42 01
 
951 83 877
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering